Bergen, Åsane: Haugland til Norhytta
Hallo! Det er dette eg likar best med å gå tur i Bergen, det er alltid noko nytt å prøve. Desse små haugane dei kallar fjell her i byn gjev fantastisk mange moglege opplevingar for dei som skjønar at det finst litt meir enn Stoltzekleiven og trappa opp til Ulriken. Gårsdagens tur gjekk frå Haugland i Åsane, ein liten kjøretur frå sentrum. Det er og mogleg å reise med buss. Me gjekk frå eit gardsbruk på Haugland, gjennom kulturlandskap og skog, opp ein heilt jevn fin stigning til Norhytta. Stien fyljer ein rygg nesten heile vegen frå skogen og opp til hytta. Utsiken på vegen er fantastisk. Ein ser Veten og Høgstefjellet i nord, Gullfjellskomplekset i søraust, Sørfjorden og Arna rett i nordaust. Landskapet der stien går kjennes "viddeaktig" og er ein sterk kontrast til den bratte stigningen opp til Ulriken/Vidden frå "andre sida". Hytta ligg på ca. 520 m.o.h, og er ein kort fin tur på ca. 4,5 km ein veg. Det går og an å fortsette frå hytta og gå til vidden, Ul...