Bergen, Åsane: Haugland til Norhytta



Hallo!

Det er dette eg likar best med å gå tur i Bergen, det er alltid noko nytt å prøve. Desse små haugane dei kallar fjell her i byn gjev fantastisk mange moglege opplevingar for dei som skjønar at det finst litt meir enn Stoltzekleiven og trappa opp til Ulriken.

Gårsdagens tur gjekk frå Haugland i Åsane, ein liten kjøretur frå sentrum. Det er og mogleg å reise med buss. Me gjekk frå eit gardsbruk på Haugland, gjennom kulturlandskap og skog, opp ein heilt jevn fin stigning til Norhytta. Stien fyljer ein rygg nesten heile vegen frå skogen og opp til hytta. Utsiken på vegen er fantastisk. Ein ser Veten og Høgstefjellet i nord, Gullfjellskomplekset i søraust, Sørfjorden og Arna rett i nordaust. Landskapet der stien går kjennes "viddeaktig" og er ein sterk kontrast til den bratte stigningen opp til Ulriken/Vidden frå "andre sida".

Hytta ligg på ca. 520 m.o.h, og er ein kort fin tur på ca. 4,5 km ein veg. Det går og an å fortsette frå hytta og gå til vidden, Ulriken, Rundemannen eller ein runde for å kome ned til Hjortland i Åsane.

God beskrivelse av tur og adkomst her:
https://ut.no/turforslag/1110444


Dangens tanke: Vått og flott! På tide å smøre noko fett på skinnstøvlane.



Nokon få skilt på veg opp. Stien er ellers umerka. 

Utsikt mot Høgstefjellet og Veten

Fann ei sommarfugl-larve! 

For lite for ski, litt for mykje for sko. 

Ryggen der stien går

Snekra seg skilt har dei og fått til! 

Turens rute. Stien var litt vanskeleg å sjå enkelte plassar på veg ned, og me bomma litt eit kort stykke på veg ned. 






Kommentarer

Populære innlegg