Bergen: Løvstakken frå Langeskogen (Fjøsanger)


Heisann!

Dersom du er vant til å gå til Løvstakken frå Melkeplassen/Laksevåg, eller Solheim vil dette være ein overraskande annleis tur! Du får ein heilt anna utsikt på veg opp, og bortsett frå einhar start har du ein ganske slak stigning heile vegen.


Turen går til Løvstakken frå langeskogen. Overraska over kor flott det var å gå denne vegen. Har vore mang ein gong på toppen av Løvstakken, men aldri langs denne ruta. Frå langeskogen, rett ved den store plenen der dei skyt med boge om sommaren, går det sti rett opp i skogen. Ein kjem etterkvart opp på ein rygg som etter kvart flatar ut i ein flott sti som går nesten heilt flatt innover mot toppen. Det blir ganske bratt dei siste 50-100 høgdemetrane før ein kjem til topps, men på dei verste plassane er det plassert nokon hjelpemiddel. Turen tar ca 2 timar tur/retur.

Ein kan parkere området rundt kiwi/platou langs fjøsangervegen, eller i området rundt motorforum på kråkenes. Enklaste bussholdeplass er gjerne den i fjøsangervegen ved platousport.


Det går og an å gå frå Bønes og få mykje den same utsikta, og eg trur det vil være ein endå jevnare stinging denne vegen, men har førebels ikkje prøvde denne ruta sjølv:
https://ut.no/turforslag/116739/lvstakken-fra-bnes



Dagens tanke: Fri på ein mandags formiddag burde vore ein menneskerett!


"Plenen" i Langeskogen. Herfrå går stien opp til Løvstakken



Toppen av Løvstakken med Lyderhorn i bakgrunnen



Ruta slik me gjekk den frå parkeringa ved KIWI. 



Fantastisk utsikt sørover frå toppen

Kommentarer

Populære innlegg